nyheter.uib.no on the Bit20 collaboration with the Grieg Academy in Bergen (in norwegian)

Samtids-studentar

Baldur Brönnimann meiner det er viktig at musikkstudentar òg vert vane med samtidsmusikk.

Når studentane ved Griegakademiet spelar saman med BIT20, slår ein to floger i ein smekk: Studentane får jobba saman med profesjonelle – og dei profesjonelle får treffa dei som kan verta kollegaer i framtida.

Av Hilde Kristin Strand

– Håpet er at studentane skal gjera noko dei ikkje kan gjera andre stader, og at dei tenkjer som eg gjorde då eg var ung student: «Shit, amazing!».

Baldur Brönnimann smiler. BIT20 Ensemble sin kunsterniske leiar har nett hatt gruppeprøve med blåsarar frå samtidsmusikkensemblet og Griegakademiet. Laurdag vert prosjektet avslutta med konsert på Bergen Kjøtt. Då deltek 30 studentar, både strykarar, pianistar, slagverkarar og blåsarar.

– Kjempekick
– Dette er ei slags praksisveke, seier Olav Tveitane, produsent ved Griegakademiet.

– For studentane er det eit kjempekick å få spelt med proffe musikarar. Me har heller ikkje moglegheit til å spela slik elles. BIT20 løftar Griegakademiet – og får sjølv auka besetning.

Det første prosjektet mellom samtidsmusikkensemblet og Griegakademiet fann stad i 2012. Då enda prosjektet med konsert i Bergen domkirke.

Brönnimann seier at det var hans idé med eit samarbeid.

– Griegakademiet fokuserer mest på klassisk musikk. Studentane treng å òg læra seg samtidsmusikk – det er nyttig når dei seinare skal søkja jobb. Samstundes leitar me etter nye musikarar, seier dirigenten.

Jon Behncke (trompet) er profesjonell musikar i BIT20 Ensemble, trombonist Andreas Rotevatn er student ved Griegakademiet. Laurdag spelar dei konsert saman, leia av Baldur Brönnimann. Alle foto: Hilde Kristin Strand

Varèse og Zappa
På programmet står musikk av Edgar Varèse og Frank Zappa. Frankse Varèse (1883-1965) såg på musikk som organisert lyd, og var ein av dei første som tok i bruk elektronikk i verka sine. Frank Zappa (1940-93) var stor fan av Varèse. Konserten kombinerer verk fråd esse to.

– Varèse sitt verk «Deserts» var eigentleg skrive som filmmusikk, men filmen vart aldri ferdig. Me har difor invitert ein ung kunstnar til å laga ein video som vil verta vist under konserten, fortel Brönnimann.

– Musikken er svært modernistisk, og skildrar land der ingen har vore.

Undervisning i grupper
Denne veka har musikarane jobba saman både i stort og mindre ensemble. Brönnimann seier at studentane har vore godt førebudde, og at dei verkar svært motiverte.

– Dette er ikkje enkel musikk. Ved å jobba i mindre grupper kan studentane læra av korleis dei profesjonelle jobbar. Dei har høve til å gå lenger ned i detaljane enn kva studentane gjer. Samstundes er det interessant å sjå korleis studentane tenkjer.

Når prosjektet er avslutta skal Brönnimann setja seg ned saman med representantar for Griegakademiet. Han ønskjer nemleg fleire prosjekt.

– Me må snakka om kva som fungerte godt, og om kva som ikkje fungerte like bra. Så får me pønska ut eit nytt prosjekt.

Kunstnerisk leiar Baldur Brönnimann meiner at undervisning i små grupper er bra for studentane. Her spelar Preben Johansen (trompet), Joachim Gjerdevik (tuba) og Andreas Rotevatn (trombone) saman med dei profesjonelle musikarane Christian Holter (horn) og Jon Behncke (trompet).

 

http://nyheter.uib.no/?modus=vis_nyhet&id=52538

Leave a Reply

Your email address will not be published.